Menu

Aukra kyrkjelyd

Bibelutstilling i Aukra

I desember blir det Bibelutstilling på Aukra bibliotek, med utstilling av Biblar både frå eldre og nyare tid. Har du ein bibel, eller eit nytestamente eller ein huspostill som anten er gammal, som det er knytta ei historie til, ein familiebibel eller ein bibel på eit spanande språk, er de hjarteleg velkomne til å stille ut denne i desember. Kyrkjekontoret og Biblioteket tek imot biblane og historiene.

Soknerådsleiaren skriv meir om dette i siste utgåva av Kyrkjebladet.
"I samband med at sommarnummeret til Kyrkjebladet hadde ein omtale av ein bibelutstilling i Midsund, har fleire vendt seg til meg og fortald at dei har gamle biblar. Derfor har soknerådet i samarbeid med biblioteket tenkt å invitere folk i Aukra til å delta med gamle biblar til ei utstilling her hos oss. Bibelutstillinga vil bli halden på biblioteket og interesserte vil kunne sjå bøkene i biblioteket si opningstid.
Bakgrunnen for dette initiativet er at vi i år markerer 200 – årsjubileet for det Norske Bibelselskapet. Det vart starta i 1816. Starten var inspirert av at det var starta eit stort bibelselskap i England. Dessutan var Noreg nettopp fri frå Danmark i 1814. Med det engelske bibelselskap som ei «mor» vart mange andre nasjonale bibelselskap starta for å spreie bibelen utover. Målet var å gjere Bibelen til folkeeie.
Så dersom du har ein gammal bibel, eller eit nytestamente eller ein huspostill, så hadde det vore fint å høyre frå deg. Ta kontakt enten med kyrkjekontoret eller biblioteket. Dersom dei gamle bøkene har ei historie, vil vi gjerne høyre den også".


Svein Løwe

 

 

Go Back

Comment