Menu

Aukra kyrkjelyd

opa-dør-ope-hus!

Laurdag 05.desember inviterar vi  til sosialt fellesskap! 

Møtestad: Betania Bedehus.  Frå kl 12:00 . 15:00

For kven? For ALLE! :) Vi ønskjer å lage ein møtestad for Gossingar/Aukringar, uavhengig av om ein kjenner nokon frå før.

Kva skjer? Vi leitar fram spel, bordtennisracketar og ballar, biljardkuler og køller, vaffeljern og ingrediensar til vafler, leiker og teiknesaker. Litt for store og litt for små, og har du eit handarbeid så kan du ta med det også, så møtast vi berre.

Kvifor? For å prate med kvarandre og bli kjend med nye. Fordi altfor mange ikkje veit kven den eine og den andre er. Fordi Aukra er full av flotte gode folk som er glade i vafler og i å vere i lag med andre menneske. Fordi det er viktig med møtestader for alle generasjonar, og for alle nasjonalitetar.

DU er hjarteleg velkommen, gjerne i lag med familie og vener!

Kontaktperson, diakoniarbeidar Inghild Lynge. 91570148.

Go Back

Comment