Menu

Aukra kyrkjelyd

Val på nytt sokneråd i Aukra kyrkjelyd

I haust, samstundes med kommunevalet, er det val på nytt sokneråd i Aukra.

Lista med kandidatar manglar framleis minst eit par namn. Er du interessert? Kjenner du nokon som kunne passe godt inn i soknerådet? Ring oss eller send oss ein e-post på kyrkjekontoret@aukra.kommune.no

Vi håper at de vil sjå på lista og vere med å gje din stemme til dei kandidatane de vil ha inn på fast plass i rådet. Lista er prioritert. Det vil si at den er sett opp slik valnemd og sokneråd tenkjer er ei god løysing. Men dette er eit demokratisk val, og om du ikkje er enig i prioriteringa er det meninga at du skal kunne korrigere lista slik du meiner er til det betre!

Vi har også eit val på dei som skal sitte i bispedømerådet:

Les meir om det ved å klikke her!

 

Go Back

Comment