Menu

Aukra kyrkjelyd

Utlysing av vikariat som kyrkjetenar

Aukra kyrkjelege fellesråd har ledig vikariat som Kyrkjetenar/Kyrkjegardsarbeidar i 80 % stilling frå 1. mars 2017 til 1.mars 2018.

Fellesrådet søkjer etter ein person som er medlem i Den norske kyrkja og som har praktisk sans, er ryddig, nøyaktig, har god arbeidskapasitet, kan utøve fleksibilitet og har gode samarbeidsevnar.

Arbeidsoppgåvene er mellom anna vedlikehald og reinhald av kyrkja, vedlikehald av kyrkjelydshuset og stell og vedlikehald av kyrkjegarden og grøntområda til soknet, brannvernansvar, samt kyrkjetenaroppgåver til gudstenester og arrangement i soknet.

Aukra sokn har om lag 50 gudstenester i året, fordelt på søndagar og helligdagar. Rette vedkommande kan tiltre i heile stillinga, men det kan og gjevast fritak frå graving til gravferder.

Løn etter utdanning og praksis etter gjeldende tariffavtale.

Søker må disponere egen bil.

Det må og framleggas tilfredsstillande politiattest, jf. Kirkelovens § 29

For spørsmål, kontakt kyrkjeverje Beate Hostad Aukan tlf 99250962 eller noverande kyrkjetenar Nils Lykkeslet Sæther tlf 90915318.

Søknadar kan sendast til kyrkjekontoret@aukra.kommune.no, eller Aukra sokn, Skogvegen 1a, 6480 Aukra.

Søknadsfrist 15. februar. (Søknadsfristen er utgått)