Menu

Aukra kyrkjelyd

Gudsteneste i Vågøy søndag 4.oktober kl 19

Denne hausten har vi bestemt at gudstenestene som var sett opp på Mevoldtunet er flytta til Vågøy kyrkje. Vi ønskjer å få til meir samarbeid på tvers mellom Aukra kyrkjelyd og Vågøy/Myrbostad kyrkjelyd for arbeidet i Jendem/Julsundet-området da det er eit ganske kunstig skille mellom desse bygdene. Denne søndagen er det vi frå Aukra som har det meste av tilsette på jobb, men vi ønskjer også å få til ein blanding på det på enkelte gudstenester. Vi håpar mange både frå Aukra-sida og Hustadvik-sida vil komme på gudsteneste i Vågøy søndag kveld! 

Klesinnsamling satt på pause

Lageret vi har bruka til å sortere klede for pakking og sending til Moldova skal tømmast, og vi har ikkje lenger noko stad å gjere dette på, så vi må dessverre sette innsamlinga på pause. 

Om nokon har eit passande lokale å tilby som eit bidrag til misjonsprosjektet vårt, ta gjerne kontakt

Ny prest i Aukra!


Foto:privat

Vi har den glede å kunne offentleggjere at Liv Anne Vestbøstad har takka ja til å bli prest her i Aukra!

Liv Anne har god bakgrunn frå kyrkje og organisasjonsliv. Dei seinare åra har ho jobba i vaksenopplæringa i Molde. Ho har ikkje tidlegare jobba som prest, og skal ta utdanning samstundes med at ho jobbar her. Noko som betyr at sjølv om ho har full stilling, så vil ein del av stillinga gå med til studier.  

Ho startar allereie 1.september i halv stilling, før ho kjem for fullt frå 1.oktober. I september vil også Magne Furuset vere her som vikar.

Vi gler oss til at Liv Anne byrjer her! Og håper Aukra-folket vil ta imot ho med opne, rause armar, og gje ho tid til å sette seg inn både i korleis ting er her på Aukra og korleis det er å vere prest.

Velkommen til oss, Liv Anne!


 

Konfirmant 2027?

Er du niandeklassing til hausten? Da tenkjer du kanskje på konfirmasjon. Kanskje veit du at du vil og skal konfirmerast i kyrkja, eller kanskje vurderer du litt fram og tilbake. Du er i alle fall hjarteleg velkommen til konfirmasjonstid i Aukra kyrkje!

Konfirmasjonstida er tida for å kanskje tenke nokre andre tankar om livet enn ein gjer elles. Tida for dei store spørsmåla, og for dei små. Tid for leik og alvor. Du får sjans til å bli betre kjent med seg sjølv, med Gud og med kyrkja. 

Konfirmasjon betyr bekrefte/stadfeste. Og det som blir bekrefta er løfta i dåpen

  • At du er omslutta av Guds kjærleik
  • At du høyrer til i kyrkja

For å blir konfirmert, må du vere døypt. Om du ikkje er døypt, kan du vere med i konfirmanttida og sjå om du vil bli døypt i løpet av året.

Sidan Kristian Finn slutter som sokneprest i august er oppstarten av konfirmantåret ikkje heilt landa enda, så datoar og slikt kjem vi tilbake til. Men du kan allereie no melde deg på. 

Bur du i Julsundet kan du velje å vere konfirmant i Aukra kyrkje eller i Vågøy kyrkje. For konfirmasjon i Vågøy sjå kirkaihustadvika.no

Konfirmanttid for alle

Vi vil at konfirmanttida skal vere for alle, uansett! Er du redd du ikkje passar inn? - Det gjer du! Men nokon treng ekstra tilrettelegging, og da er det fint om de gjer beskjed om kva vi kan gjere for at konfirmanttida skal bli så fin som mogleg. 

Påmelding

Påmeldingskjema finn du her Det er viktig at e-postadresser og telefonnummer blir riktige, slik at vi får tatt kontakt med dykk! 

Konfirmasjonsdagane i Aukra kyrkje våren 2027 er laurdagane 24.april og 1.mai.

Har du spørsmål, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret

 

 

Årsmelding og rekneskap for Aukra sokn 2025

Årsmelding og rekneskap for Aukra sokn kan du lese ved å trykke på bildet under.

Vi skal ha kyrkjelydens årsmøte søndag 31.mai etter gudstenesta. Der vi vedtar årsmeldnga.