Menu

Aukra kyrkjelyd

vigsel i aukra kyrkje

"Det vakraste vi kan gjere, er å feire kjærleiken saman. Feire at kjærleiken har slått rot mellom to menneske.  

Kjærleiken er Gud sin signatur, og all erfaring av ekte og ubunden kjærleik er erfaringar av Gud. Mange bur saman allereie, og mange har levd saman i lang tid, men ikkje har tatt seg tid til å feire kvarandre og kjærleiken saman på skikkeleg sett!

Sjølve vigselen, med kirke og prest og med organist, er gratis for alle som bur i Aukra og sokner til kyrkjelyden. Har de spørsmål, er det berre å ta kontakt med oss på kyrkjekontoret. Vi svarar meir enn gjerne!


 - Sokneprest Kristian Finn Risung -

faq

Praktiske opplysningar om vigsel

 

Kvar tek vi kontakt når vi vil gifte oss i Aukra kyrkje?

De tek kontakt med kyrkjekontoret: tlf 468 40 719. De kan og sende e-post. E-postadressa til kontoret er kyrkjekontoret@aukra.kommune.no

 

Korleis får vi grønt lys for at vi kan gifte oss med kvarandre?

Det er Folkeregisteret som undersøkjer om paret som vil gifte seg, oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Brudeparet må sjølve sende inn ”Prøvingsattest/Melding om vigsel” til Folkeregisteret, og sende dokumenta til kyrkjekontoret i god tid før vigsla Det er også høve til å be Folkeregistret sende prøvingsattest direkte til vigsler. De finn informasjon om dei praktiske førebuingane på heimesidene til kyrkja: Bryllup | Velkommen til vielse i kirken - Den norske kirke 

 

Kan vi gifte oss i den kyrkja vi vil?

Dersom de vil gifte dykk i ei anna kyrkje enn kyrkja på Aukra eller i Vågøy, tek de kontakt med prestekontoret/kyrkjekontoret der de vil gifte dykk. Adresseopplysningar og telefonnummer finn de i telefonkatalogen eller på www.kyrkja.no  De må som regel også betale leige for kyrkje og betale for prest og kantor dersom de vel vigsel i ei anna kyrkje enn i den kyrkjelyden de geografisk høyrer til.

Møre biskop har laga ei oversikt over kva ein må gjere om ein ønskjer å ha vigselen ein anna stad enn i ei kyrkje. Dersom de vil gifte dykk i ei sjømannskyrkje i utlandet, tek de kontakt      på e-post med den aktuelle sjømannskyrkja via nettstaden www.sjomannskirken.no, eller sender ein e-post til Sjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet: adm@sifh.no, telefon 55 55 22 55.

 

Kva dersom ein av oss er medlem i eit anna trussamfunn eller tilhøyrer ein annan religion?

At ein av brudefolka er medlem i Den norske kyrkja, vil normalt vere nok for at vigsel kan skje i kyrkja. Kyrkjeleg vigsel kan ikkje krevjast dersom ingen av brudefolka tilhøyrer Den norske kyrkja, men dette er opp til presten i den lokale kyrkja å avgjere.  Ved vigsel i Den norske kyrkja må ein følgje liturgien og ordningane for vigsel i Den norske kyrkja.

Les liturgiane for Vigsel og Forbøn for borgarleg inngått ekteskap på www.kyrkja.no

 

 

 

Det er noko trøbbel med påmeldingsskjemaet for tida, så ta direkte kontakt med kyrkjekontoret på mail kyrkjekontoret@aukra.kommune.no eller telefon 468 40 719 for å gjere avtaler om vigsel. 

Skjema for vigsel i Aukra sokn

Ønskje om tidspunkt for vigsel

Den norske kyrkja har innført ny liturgi for likekjønna vigsel som også kan brukast for par av forskjellig kjønn.

Val av liturgi

Drop-in-bryllaup

Foto: Helene Moe Slinning/Den norske kirke

Velkommen til drop-in-bryllaup i Aukra kyrkje 14.februar! Heilt enkelt, like stort!

Har de lenge snakka om å gifte dykk, men aldri heilt fått det til å passe? Er de klare for bryllaup, men ikkje klar for mykje planlegging rundt det? Da kan drop-in-bryllaup vere noko for dykk!!

Aukra kyrkje åpner dørene for drop-in-bryllaup laurdag 14. februar, på sjølvaste valentinsdagen! Vi ønskjer at par kan feire kjærleiken og inngå ekteskap – i ein enkel og høgtidelig seremoni. Sjølve vigselen består av fin musikk, tekstlesing frå Bibelen, tale frå presten, ekpteskapsløfter, forbøn og velsigning i ei fin kyrkje. Altså: Heilt enkelt – like stort.

Vi kallar det drop-in, men litt førebuing må til. De som vil gifte dykk må søke om prøvingsattest her! Den må vere på plass for å gjennomføre ein vigsel. Og vi vil gjerne vite om dykk og få tatt ein prat med dykk i forkant.

Drop-in-bryllaup kan skje heilt utan gjester, med de aller næraste eller for fulle hus. Det er heit opp til dykk! 

Foto: Audun Haugen/ Den norske kirke

Praktisk info:

  • Pris: gratis
  • Ta kontakt med kyrkjekontoret tlf 468 40 719, eller på e-post: kyrkjekontoret@aukra.kommune.no seinast mandag 9.februar
  • På sjølve bryllaupsdagen må de ha med ID og prøvingsattest, om den ikkje er sendt til kyrkjekontoret i forkant, og forlovarar/vitne som er til stade under seremonien. Vi kan stille med vitnar om forlovarar ikkje kan vere med på dagen.
     

Klikk her for å lese meir om drop-in bryllaup i kyrkja.  Er det elles noko de lurer på, er det berre å ta kontakt med kyrkjekontoret

Og du: bryllaup kan feirast året rundt i kyrkja. Både om du ønskjer ei lita, enkel markering, eller du ønskjer eit storslått bryllaup.  

Foto: Bo Mathisen / Den norske kirke

alt