Menu

Aukra kyrkjelyd

Aukra kyrkje

Aukra kyrkje er ei åttekanta kyrkje med tilbygd våpenhus og kor, i tømmer. Byggearbeidet tok til i mai 1835 og etter ti veker var kyrkja opptømra og taket lagt på. Kyrkja må ha blitt vigsla i løpet av året, men var ikkje heilt ferdig før i mars 1836. Kyrkja hadde opphavleg 380 sitteplassar, i dag 300.

Åttekantkyrkjer var den mest populære kyrkjetypen i første halvdel av 1800-talet. Han gav god utnytting av tømmeret og eit funksjonelt kyrkjerom. Utvendig var kyrkja bordkledd og raudmåla. Inne var det lukka stolar (benkar) med reserverte plassar for kvar gard. Kvinnene sat på venstre side og mennene på høgre. Lengst bak og på lemmen (galleriet) over inngangsdøra var det benkar for husmenn og innerstar (leigefolk).

Den åttekanta planforma gir eit stort og ope kyrkjerom. Interiøret er rikt dekorert. Koropninga med
dei tre rundbogane skriv seg frå ei restaurering i 1926, og interiøret elles blei restaurert i 1985. 

Gjennom åra er det gjort fleire endringar og reparasjonar av kyrkja. I 1852 blei lemmen utvida med to sidegalleri, og i 1875 blei kyrkja måla innvendig. Sakristiet blei bygd i 1891 og erstatta det tidlegare «skriftehuset» på nordsida av koret.

Kyrkja var eigd av bøndene i soknet fram til 1901, da kommunen løyste ho ut for 8 000 kroner. Kommunen meinte at det skulle vere fritt for alle kvar dei ville sitte i kyrkja, og i 1907 blei dei lukka stolane skifta ut med opne kyrkjebenkar. Det blei også innsett nye vindauge og dører og galleriet blei ombygd. Og den gamle gapestokken ved kyrkjeporten blei brent opp! I 1921 fekk kyrkja nytt tårn til erstatning for det gamle som var oppròtna.

 

Midtpartiet på altertavla er frå 1835. Dei to vengene er frå altertavla frå 1712, dei blei redda ut av dei brennande kyrkjene både i 1772 og 1834. Dei to bilda i midten er laga av målar Olsen frå Molde, 1835. Dei fire evangelistane på sidene er laga av treskjerar Arne Kinsarvik, Volda, 1926. På venstre veng er sentralmotivet kong David som førebilde på Kristus, og under kong David som blir salva til konge. På høgra veng er sentralmotivet Josef og Maria med vismennene som tilbed Jesusbarnet, og under Jesus som innstiftar nattverden.

Preikestolen er frå 1835. Den vakre treskurden er utført i 1926 av skolestyrar Johannes Bjordal ved trearbeidsskolen i Molde og dekorasjonsmålinga av Johan Haddal, Hareid. På sidene av preikestolen finn vi dei fire evangelistane og Paulus.

I 1926 blei det utført ei større restaurering som framleis pregar interiøret. Koropninga fekk runde bogar og runde søyler. Preikestolen og lydhimmelen blei flytta inn mot veggen og dekorerte med treskurd, og det blei utført dekormåling på korvegg, døypefont, preikestol, søyler, galleribrystning og tak. Alterringen blei fornya og altertavla
ombygd. Veggane blei kledde med kryssfinerplater for å isolere mot trekk.

I 1961–62 blei golvet skifta, og det blei samtidig gjort utgravingar under kyrkja. Her fann ein malmbitar frå ei klokke, nokre myntar, eit segl og beinrester som viste at det også her hadde vore skikk å gravlegge folk under kyrkjegolvet. 

Den siste større restaureringa skjedde til 150 årsjubileet i 1985 under leiing av arkitekt Jon O. Villa, Molde. Da blei kryssfiner-platene på veggane fjerna slik at tømmeret blei synleg att og kyrkja blei behandla for ròte. Utvendig blei veggane etterisolerte, men med gjenbruk av det gamle panelet. Vidare blei det støypt nye trapper og rullestolrampe. Kyrkjebenkane blei bygde om med nye sete og ryggstø, men med gjenbruk av endevangane.

Mest synleg var likevel det store målingsarbeidet inne i kyrkja. Kyrkja fekk ei munter drakt av okergul, lys og mørk grøn og raudbrun farge og forgylling, fint avstemt med fargesettinga frå 1920-åra. Takk vere solid utført arbeid står kyrkja like fin i dag.  

Variert fargebruk har gitt interiøret eit varmt og livfullt preg. Gallerifronten er dekorert med ulike symbol som går att fleire
gonger: IHS («Jesus menneska sin frelsar»), PX (dei to første bokstavane i Kristus på gresk), Α og Ω (Alfa og Omega – den
første og den siste), kors-anker-hjarte (tru, von og kjærleik), Guds auge med due under, liljene på marka og vindruene.   

 

Tidlegare kyrkjer

Det eldste vitnemålet om ei kyrkje på Aukra finn vi i Aslak Bolts Jordebog frå 1432. Seinare er ho nemnt i Trondhjems reformats av 1589 som hovudkyrkje i Aukra prestegjeld. Truleg var Aukra den første faste kyrkjestaden i ytre Romsdal. Det er lite vi veit om denne kyrkja, bortsett frå at det var ein stavbygning. 

I 1648 var skipet i stavkyrkja så oppròtna at det blei rive og erstatta av eit nytt skip i tømmer. Ein omtale av «kirkens kors» i ein synfaringsrapport frå 1661 viser at skipet må ha hatt minst ein korsarm. Rapporten fortel vidare at skipet og tårnet var «vel ved magt», men at det gamle koret frå stavkyrkja var «ganske fordærvet og stod til nedfalds». To år seinare blei det rive og eit nytt kor i tømmer sett opp, i same breidde og høgde som kyrkja elles. Også alteret og altertavla måtte fornyast fordi dei «ere af Regn og Slud fordærvede, som både Sommer og Vinter have slaaet ind paa dem». Kyrkja rakk berre å bli 60 år før eit lynnedslag i 1709 la heile kyrkja i oske.

Den neste kyrkja blei bygd like aust for den gamle o g stod ferdig i januar 1712. Dette var også ei korskyrkje i tømmer. Nesten alt inventar frå den gamle kyrkja var borte, og det blei laga ny altertavle og preikestol. Men etter 60 år – rett før jul i 1772 – slo lynet ned i tårnet og kyrkja brann ned til grunnen. Vengene på altertavla blei hogde laus og redda ut, saman med ein kalk og ein disk.

Det blei bestemt å sette opp ei ny korskyrkje i tømmer, men denne gongen utan tårn, for å hindre lynnedslag og spare kostnadar. I staden skulle det byggast eit frittståande klokkehus. Kyrkja blei bygd på same tomt som den førre og stod ferdig i 1774. Men denne kyrkja rakk også berre å bli 60 år før ho i 1834 blei ramma av eit nytt lynnedslag og jamna med jorda. Berre delar av inventaret blei redda. Ved heroisk innsats blei vengene på altertavla, disken, kalken og antemensalet frå 1712 redda ut frå brann for andre gong.

 

Kunst og inventar

Altertavle: Midtpartiet frå 1835 har to bilde av målar Olsen, Molde. Hovudbildet er ei  etterlikning av Leonardo da Vincis måleri «Nattverden». Over dette er det bilde av Jesus på korset og øvst ei due som symbol for Den heilage ande. På sidene er vengene på altertavla frå 1712 felte inn. Desse blei redda ut av den brennande kyrkja både i 1772 og 1834. På høgre veng «Jesus innstiftar nattverden» og «Josef og Maria med vismennene som tilbed Jesusbarnet». På venstre veng «David som eit førebilde på Kristus» og «David som blir salva til konge». Dei fire utskorne evangelistane på kvar side av måleria er laga av treskjerar Arne Kinsarvik, Volda, 1926. 

Alterutstyr: Kalk og disk frå 1712-kyrkja. Messinglysestakar frå 1774-kyrkja.

Preikestol: I tre frå 1835. Treskurden utført av skulestyrar Johannes Bjordal og dekorasjonsmålinga – mellom anna dei fire evangelistane – av Johan Haddal, Hareid, 1926.

Døypefont: I tre frå 1835.

Alterduk: Filert alterduk laga av prestekone Gunda Trædal saman med Sigrid Sporsheim, Edna Langøy Nerland, Martha Småge, Horrem og Kristoffa Hukkelberg, 1926.

Messehaklar: Laga av Ingrid Nedrelid og Bjørg Hustad, 1989–92.

Anna inventar: Utskore bilde i sakristiet av Adam og Eva, truleg laga av Lukas Jensen, 1712. Fattigkassa i våpenhuset er laga av tidlegare ordførar R. Reiten. Prosesjonskors laga av Martin Solemdal.

Orgel: Det første orgelet var eit firestemmers pipeorgel frå 1878. Det blei skifta ut i 1954 med eit 27 stemmers orgel frå Vestres Orgel & Pianofabrikk, Haramsøya. Dagens orgel frå 1995 er eit 16 stemmers pipeorgel med 2 manualar og pedal frå Th. Frobenius & Sønner, Danmark.

Kyrkjeklokker: Den minste klokka har slik innskrift: «1836. PETIT ET FRITSEN ME FUDERUNT» (Petit og Fritsen støypte meg). Den største har slik innskrift: «STØBT AF CHRISTIAN CHRISTENSEN PAA FUGELSETNES 1865». 

 

Kyrkjeskipet er ein modell av fregatten «Nelson» med 34 kanonar. På modellen står skrive: «Denne Fregat er foræret til Agerøe Hoved Kirke 1838 af Ole Tronsen Ugelvig, Underofficier i Trondhjem.» Han blei sidan lensmann i Sund.

Over midtgangen heng ein modell av korskyrkja frå 1774 som brann i 1834. Modellen er laga av Christian Steffensen Horremsbakk i 1842.

Orgelet frå 1995.                                                                           .

 
 

 

 

 

 

Korleis påskeliljene kom til Aukra

I austhellinga nedanfor Aukra kyrkje ligg den kjende Påskeliljemarka som kvar vår lyser opp med si gule blomsterprakt. Det heile starta truleg med Alexander Borch som var sokneprest her frå 1696 til 1725. Etter ein visitas i Aukra i 1749 skreiv biskopen i protokollen: «På en jorsalfarsreise brakte Borch med seg påskeliljer som han plantet på Agerøe.»

Det finst ulike versjonar av historia, men grunnen til reisa skal ha vore at presten hadde gjort noko han trudde han ikkje kunne få tilgjeving for. Til sist såg han ingen annan utveg enn å dra på pilegrimsferd til Det heilage landet. Frå hagen ved Golgata samla han nokre påskeliljeløkar og jord i ein pose som han tok med seg heim og strødde ut over marka i prestegardshagen. Men presten fekk framleis ikkje ro, og ein dag bad han inderleg til Gud om eit teikn på tilgjeving. Da han såg ut av glaset fekk han auge på ei påskelilje som stod og lyste mot han. Dette tok han som eit teikn frå Gud, og sidan fekk han fred i sinnet.

Foto: Arne Gjære

Teksten er ein kortversjon av kapittelet om Aukra kyrkje i Romsdal Sogelag si årbok for 2021: Kyrkjene i Romsdal. Tekst: Max Ingar Mørk. Foto: Sigurd Mjelve.