Menu

Aukra kyrkjelyd

dåp i aukra kyrkje

Det er stor glede når nokon ønskjer dåp i Aukra kyrkje! Kyrkjelyden er glad for å ønskje nye medlemmar velkomne!
Stort sett passar det med dåp på dei fleste ordinære gudstenestene kl. 11.00 i kyrkja, og ligg datoen i påmeldinsskjemaet, skal det vere mogleg med dåp. For å finne dagane som er lagt inn trykk på lenka under, så ny registrering. Huk av Aukra kyrkje på valg av kyrkje, og trykk søk så kjem gudstenestene opp. 

Det er veldig fint om de kan registrere påmelding i skjema. Men har de spørsmål rundt dåpen, eller det er utfordrande med påmeldinga i skjema, er det berre å ta kontakt med oss på kyrkjekontoret@aukra.kommune.no eller tlf 468 40 719.

De treng fødselsnummer til barn og foreldre ved påmelding. Har ikkje barnet fått fødselsnummer enda, legg inn eit av foreldra sitt. Det står også at ein skal legge inn navn og full adresse på fadrane, men det går fint med berre navn. 

Har de andre ønsker enn det som står i skjema, ta kontakt med oss på kyrkjekontoret. 

Trykk her for å komme til dåpspåmelding