Menu

Aukra kyrkjelyd

Diakoni

Diakoni er kyrkja sin omsorgstjeneste. Det er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaperverket og kamp for rettferdigheit. Aukra kyrkjelyd har laga eiga diakoniplan, som de kan lese om her.

 

D I A K O N I  - kyrkja si omsorgsteneste

Visjonen for den diakonale tenesta i Den norske kyrkja lyder slik:                                                                                                                                                                                                                              

Guds kjærleik til alle menneske og alt det skapte, verkeleggjort gjennom liv og teneste.

Jesus nytta begrepet diakonos (tenar) om seg sjølv.

Diakoni er både å vere og å gjere, og som truande menneske er vi alle del av diakonien. Nestekjærleik omfattar alle sider ved mennesket. Det er periodar i livet der ein har evne og høve til å gi, andre gonger treng ein å få.

Som Kristus elskar oss, skal vi elske kvarandre og syne omsorg for kvarandre som medmenneske. Samtidig er heile skaparverket avhengig av at menneska tek forvaltaransvaret sitt på alvor. Med utgangspunkt i trua på Gud har vi ansvar for verda.

Definisjon av diakoni i kyrkjelyden:

Diakoni er kyrkja si omsorgsteneste. Den er evangeliet i handling og blir uttrykt gjennom nestekjærleik, inkluderande fellesskap, vern om skaparverket og kampen for rettferd.

(Heile teksta over er utdrag frå Plan for diakoni, utgitt av Kyrkjerådet)

Klikk her for å sjå Aukra kyrkjelyd sin diakoniplan.

 

Tysdagscafe

Alle tysdagar (utanom ferier og i fbm helligdagar) blir det servert vaflar og kaffi i kyrkjelydshuset frå kl. 11.30 til 13.30. Velkomne innom for ein kopp kaffi og ein god prat!

Bønekrukker

Aukra sokn har hyra pottemakar Gro Løvik til å lage bønekrukker til Aukra kyrkje. Krukkene er til bøner, anten som berre skal løftast fram anonymt og bli bede for i gudstenesten, eller til bøner som skal lesast høgt i gudstenesten. Bønekrukkene er i bruk i alle gudstenestene, og det er høve til å skrive bøner både før og i gudstenesten, eller sende bønene via kyrkjekontoret@aukra.kommune.no.