Menu

Aukra kyrkjelyd

siste nytt FRA CANtEMIR

KYRKJELYDENS MISJONSPROSJEKT

Kyrkjelyden i Aukra har gått inn på eit nytt misjonsprosjekt. Vi vil støtte Misjon Uten Grenser sitt arbeid i Moldova, nærmare bestemt i ein liten landsby som heiter Cantemir.

Les mer her ...
 

TUR TIL MOLDOVA

GLIMT FRÅ MOLDOVATUREN
 

Vi besøkte Misjon Utan Grenser i Moldova. (For ordens skuld: Vi betalte reise og opphald sjølve).

Reisa var ein rekognoseringstur der vi ville sjå nærare på misjonsprosjektet til Aukra kyrkjelyd.

Vi besøkte hovudsenteret i Chisinau, kyrkjesentera i Leova og Cantemir, 11 heimar med barn og familiar som ventar på fadrar. ein spesialskule for funksjonshemma born, suppekjøkken for eldre og suppekjøkken for dei som bur på gata.

Vi hadde med oss Aukragåver til heimane og kyrkjesentera vi besøkte. Fotballar og drakter frå GIL vart populære! Heimestrikka sokkar, pledd og luer vart tekne godt mot. Likeeins tannkrem sponsa av ein tannlege, og kremar og plaster frå eit apotek.

Det vart sterke inntrykk der vi reiste heimatt med stor beundring for det dei fekk til. Vi kan slå fast: Hjelpa kjem fram til dei som verkeleg treng hjelp! Eit omfattande nettverk gjer at det er mange foreldre og born som får oppleve ei endring i liva sine. Frå naud og armod til ny struktur og framtidsvon.

Misjon utan grenser avdeling Moldova er takksame om Aukra kan hjelpe til med å skaffe

    - fadrar for familiar
    - fadrar for enkel
tborn
    - klesinnsamling
    - pengegåver

Bilde og forteljingar vert presenterte etterkvart i kyrkjeblad og misjonskveldar m/ basar.


Svein, Ingrid og Peder