Menu

Aukra kyrkjelyd

Kristuskransen

Onsdag 18. februar startar kyrkjelyden opp med temakveldar for Kristuskransen i Kyrkjelydshuset.

Kristuskransen er eit perleband med 18 perler med ulik form og ulike fargar. Kvar perle ber i seg ein løyndom. Ein løyndom som du kan gå inn i, og som kan føra deg nærare deg sjølv, nærare andre menneske og nærare Gud. 

Samlingane vil vere på onsdagar fram til 25. mars.

På våre temakveldar ser programmet om lag slik ut:

Kl 19.00 Enkel kveldsmat

Kl 19.30 Åpning.  Tema: gjennomgang av to perler. Samtale i smågrupper.

Kl 20.40 Avslutning

Kl 20.50  Vel heim.

Tema-ansvarlege: Inghild Lynge, diakoniarbeidar og sjelesørgjar i Aukra og Rigmor Dahl, diakon og sjelesørgjar i Nordlandet menighet, Kristiansund.

Påmelding innan 10. februar via e-post: inghild.lynge@aukra.kommune.no

Go Back

Comment