Menu

Aukra kyrkjelyd

sjelesorg

Ingen går gjennom livet utan sår og skrammer, både på indre plan og på kroppen, og alle må vi tidvis gjere vanskelege val. Nokre gongar kan det vere nyttig og godt - sjølv om det er vanskeleg  Å snakke med nokon om det som livet byr på eller har gjort med oss. Dette gjeld for menneske i alle aldrar.

Ein sjelesorgsamtale er heilt open.  Det er den som ønskjer samtalen som veit kva samtalen skal handle om. Mange har opplevd at ein open, støttande og reflekterande samtale kan gjere ting klarare, gi styrke til  å leve med utfordringar eller bidra til endring i eige liv.

I Aukra kyrkjelyd er det to av dei tilsette som har sjelesorgsamtalar som del av tenesta si:
Diakoniarbeidar og sjelesørgjar Inghild Lynge og Sokneprest Kristian Finn Risung.                Vårt møte med menneske og den vegleiinga vi gir, er basert på kristen tru og etikk. De kan lese meir om sjelsorg og diakoni her

Go Back

Comment